Om Baltazar

BALTAZAR - kort og papirvarer med særpreg.

BALTAZAR  har frå 1993 importert kort og papirvarer for engrossalg til norske butikkar. Vareutvalet er etterkvart blitt utvida til også å omfatte gåveartiklar. Hausten 2016 opna me nettbutikk. Denne er to-delt, og kan nyttast både av privatkundar og av butikkar.

 

Profil.

Vår forretningside er å finne fram til små og mellomstore produsentar som lagar kort og beslekta produkt med særprega design og god kvalitet. Me vil at kundane hjå oss skal finna produkt med særpreg, og ikkje slike varer du finn i alle kioskar og supermarked. 

Leverandørar.

Dei fleste av leverandørane våre held til i Storbritannia, men vi importerer også  frå Frankrike, Polen og Tyskland. For å finne nye produkt, og halde oss oppdatert når det gjeld trendar osv, besøker me stadig messer i utlandet.

 

Kvar finn du oss?

BALTAZAR er eit lite familiefirma, med forretningskontor og lager på Voss. Me har ein selgar som besøker butikk-kundar på Østlandet.

Kvar haust finn du oss dessutan med stand på Oslo Design Fair på Lillestrøm (tidl. Gave-og interiørmessen).

 

Selge våre varer?

Har du butikk og ønsker å bestille varer frå oss, eller er du privatperson på jakt etter noko nytt og spennande - er det berre å bla seg gjennom utvalet i nettbutikken vår. Ser du etter  spesielle varer, så ta gjerne direkte kontakt pr epost eller telefon. Det samme gjeld sjølvsagt om det er andre ting du lurer på.

 

Velkommen til Baltazarkort.no !
Ole Roar Ekestad